Øvre Li - house with a view

Feste har teikna eit lite og kompakt hus for ein familie på fire på ei nydeleg utsiktstomt i Flatdal.

Bustaden er på kun 125m2 BRA, eks. hems. I eit bærekraftperspektiv håpar vi fleire ser potensialet i å tenkje meir komprimerte buformer. Bustaden rommar tre soverom, stove, kjøkken/spisestove, hovedbad og vaskerom i kjellaren, gang og WC på hovudplanet og ein romsleg hems. Det er også god plass til lagring. Soveromma er små, ned mot 7 m2, men ein har gjeve ekstra takhøgde og areal til dei viktigaste sosiale romma.

Prosjektet har utstrakt bruk av tre både inne og ute. Kledningen er lokal malmfuru som vil gråne naturleg. Innvendig er det nytta sprekkpanel i furu på veggar og himling, og heiltre furugolv. Kjøkken, deler av innreiinga og fleire av dørene i prosjektet er gjenbruk.

Prosjektet stod ferdig sommeren 2025.

 

 

Prosjektfakta:

Sted: Flatdal, Seljord kommune
Oppdragsgiver: Privat
Prosjektperiode: 2022-2025
Arkitekt: Feste Sør AS
Landskapsarkitekt: Tora Grøstad Dommen
Utførande: Tømrar Eivind Aase
Foto: Even Lundefaret