skuleparken i seljord

Det har vore lagt vekt på å få til eit heilskapleg grep for parken, frå barneskulen til Kunstlåven. Godt samarbeid mellom kunstnar og landskapsarkitekt med innspel frå brukarane har vore avgjerande for resultatet.

Dette er eit delprosjekt i Seljord og sogene. Som grunnide var det fokus på framtidsoga.

Det sirkulære går att i landskapsarkitekten si utforming av anlegget. Kunstnaren tok utgangspunkt i dette, og i sjølve logoen til Seljord og Sogene, som består av 2 halvsirklar satt saman til ein S. Ideen hans var å bruke halvsirkelen som element, sett saman på ulike måtar, for slik å gje variasjon og samanhang.

Møteplass ved barneskulen - ORMEN

Halvsirkelforma sittesteinar dannar forma til ein orm; kan det vera Sjøormen?  Ei dynamisk kraft, som kjem få djupet og buktar seg i retning akivitetsanlegget og peikar med hovudet inn mot barneskulen. Han startar ei rørsle som held fram vidare inn i sjølve anlegget, med sti og runde terrengformer. Skulpturen er sett saman av ulike typer granittsteinar, som varierar i fargen mellom litt raudleg, mørk og ljos. Nokre steinar er glattpolerte og ein stein har tre som sitjeflate. I nokre av steinane er det lagt inn eit lag med pleksiglas med raud farge. I hovudet på ormen stikk den raude tunga ut. Lyset skin gjennom.    

Dette er einstad å sitje på, leike på, henge ved, ta på.

Ormen som symbol på levande dynamiske urkraft, kanskje farleg? Denne ser ikke så farleg ut, med det fine bylgjeaktige, glatte hovudet som ein får lyst til å ta på.

Fargen raudt står her for kjensler og energi.

Møteplass ved skate-/sykkelanlegget , mellom kirsebærtrea - NYKJELEN

Dette er møteplassen for ungdom. Her er halvsirklane sett saman på ein annan måte, slik at dei dannar ein rosett eller blom eller hovudet på ein gamal, fin nykjel. Det same elementet, halen til ormen, dukkar opp her som sjølve enden på  nykjelen. Mellom denne og rosetten er det plassert nokre avlange steinar. Står du øvst  i trappa ser du at grunnforma og steinane dannar biletet av ein nykjel.

Her er pleksiglasslaget blått. Blåttfor  tanke og refleksjon og kunnskap.

Formmessig snakkar desse steinane litt med formspråket i skateområdet. Der skateplassen oppfordrar til aktivitet, er dette staden for pause.

Nykjel som symbol - Nykjelen er til å opne opp eller låse att noko. Som bilete passar den bra for ungdom som er i ei tid i livet der det handlar om å ta meir medvetne val, ha mer kontroll i eige liv; opne opp for det som er bra og stenge av for det som ikkje er bra. Vi snakkar om å ha nykjel  til å forstå noko, nykjel til kunnskap. I nykjel-hovudet /Rosetten er det sitjeplass til mange; her kan det skravlast, diskuterast, eller bare møtast.

Dei andre steinane inviterar degkanskje til å ta ei pause. Legg du deg litt nedpå ein av dei, kan du kanskje få ei kjensle av å ligge på eit blankskurt svaberg? Eller du set deg ned og ser på  dei som brilljerar på brett eller sykkel? Det er Seljord sine ungdomar som eig nykjelen til denne plassen nå, og som bestemmer korleis det skal bli her.

Det virkar iallefall som om kirsebærtrea som står her har lika forandringa. Dei virka mest litt livlause før, men nå  har dei blitt synlege og fått ein ny vår.

Møteplass ved leskuret og hovudinngang til Ungdomskulen - PYTAGORAS FORMEL

Etter innspel  frå ungdomskulen vart  vi einige om å teikne inn Pytagoras formel på asfaltflata. Den er dekorativ, men også konkret knytt opp til matematikk og kunnskap som ungdomskulen står for.

Rundkjøring for buss og bil - SEKSBLADROSA

Her er det ein ny variant med sirkel og halvsirkel. Seksbladrosa er eit symbol som er mykje bruka i folkekunsten, som utskjering på tiner, mangletre eller bur. Det er ofte bruka som eit vernesymbol, eit vern mot vonde makter. Kanskje spennande her i ein ny sammenhang, som trafikksikring?

Møteplass ved Kunstlåven

Området ved Kunstlåven har fått ei fin oppgradering, med sirkelforma grusplass og monumentale plantekasser med rabarbra, løpstikke og urter; planter som naturleg høyrer heime i miljøet ved den gamle låven og har blitt kjøkkenhage for sommarkaféen.

 

Seljord har fått ein aktivitetspark dei kan vera stolte av. Og det er moro å sjå at det myldrar av liv her.

 

 

 

Prosjektfakta:

Stad: Seljord Oppdragsgjevar: 
Seljord kommune
Prosjektperiode: 2010-2012
Landskapsarkitekt: 
Feste Sør
Kunstnar: Gunnar Torvund
Kunstnarleg konsulent: 
Torhild Grøstad
Entreprenør: Haugo og Draugedal v/Steinar Fossan
Byggeleiar: Olav Kåsa