Naturlab flatsjå
Konseptet Naturlab Flasjå er ei enkel tilrettelegging av ei vandrerute i det gamle elvelandskapet, der ein serie av opplevingar er utvikla for å ta deg nærare til naturen. Målet med prosjektet er å gjera folk nysgjerrige og interesserte, og at dei skal sjå og oppleva naturen rundt seg på nye måtar. Kulturlandskapet er også ein viktig del av dette, ved å skape forståing for korleis vi har levd og kvar vi kjem ifrå. Naturlab legg til rette for erfaringsbasert, meiningsfylt kunnskapsutvikling ved å knyte teoretisk lærstoff til konkrete situasjonar. Her ligg tilhøva godt til rette for å ta i bruk dei lokale ressursane på ein måte som fremjar heilskapleg kunnskap.
Plasseringa til Naturlab er nederst på Flatdalsøyan, som før oppdyrking truleg var ein av dei største elveslettene og våtmarksområda i Telemark, og ligg nær verdifulle naturtyper. Det er gjort registreringar av truga fuglar, mosar, lav og tre, i tillegg til fornminner i nærområdet.
Staden sine sterke sider er ikkje bare ein vakker utsikt, nær verdifulle naturtyper og naturreservat, ein rik geologisk historie så vel som kulturhistorie, men også at ein kan lære om naturen i naturen. Derfor er det svært viktig å i størst mogeleg grad ta vare på det naturlege preget og uttrykket vi er så heldige å få oppleva her i dag.
Formidlingsmetoden skal vera spennande; dels i form av ulike arkitektoniske installasjonar der du kan utforske og oppleve på ulike måtar, og dels som spor og markeringar du kan fylgje langs stien, inn i skogen, ivi åi og inn i «det ukjende» på Humleneset. Konstruksjonane skal også fungere som møteplassar, nokon med sitte- og bålplassar integrert. Innhald og tematikk er utvikla i samarbeid med skulane.
Dagsturhytta er tenkt som eit utgangspunkt og base for undervisningsopplegget. Naturleg tematikk å fortelje om her er kulturlandskapet, busetnaden og den store, oppdyrka elvesletta i kontrast til Skorveveggen og naturkreftene. Her kan program for dagen gjennomgåast og oppgåver delast ut. I det neste høyselet er det tanken å tilrettelegge for utedo og lager for utstyr. Her kan elevar og besøkande gå innom for å hente ting dei treng til oppgåvene som skal løysast: slik som årer, symjevestar, garn, insektshovar, ulike type reiskap m.m). Tråkkestien ivi åi tek av mot Humleneset mellom desse to punkta. Her kan ein ta avstikkaren ut i det «ukjende»; inn i det gamle og delvis attgrodde kulturlandskapet på Humleneset. Det tredje høyselet som er tenkt sett istand ligg i skogen på Humleneset. Det er tenkt nytta som møteplass for elevgruppene som er sendt ut med ulike oppgåver; ein stad å koma i ly for ver og vind og også med tilrettelagte hyller, settekasser og type veggoppheng der tinga ein finn kan «stillast ut» og samlast for gjennomgang i samla flokk.
Den meir opparbeidde og universelt tilgjengelege delen av læringsarenaen, vil vera laga som eit stikonsept inne i oreskogen lengst sør på turvegen på nordsida av elva. Stien leier deg gjennom skogen og knyter saman formidlingspunkt og arkitektoniske installasjonar:
1. Gapahuken med tak over sitteplassar og med bålplass,
2. Naturlabben; i form av ein stasjon for utforsking av botndyr og insekt
3. Fugletårnet i skogbrynet mot vatnet
4. Dagsturhytta, sosial møteplass
5. Rehabilitert høysel med universelt utforma utedo, samt lagerfunksjon
Prosjektfakta:
Stad: Flatdalsøyan, Seljord kommune
Oppdragsjevarr: Flatdal bygdeutviklingslag og Seljord kommune
Prosjektperiode: 2023-2025
Arkitekt: Feste Sør AS
Landskap: Feste Sør AS
Skilting: M8 Design
Utførande: Tømrar Runar Kleiv og Håkon Fjågesund
Foto: Dag Jenssen, David Fjågesund