Kviteseid i framtida - workshop

Workshopen, som vart gjennomført i perioden 18-27. Juni 2014, er ein del av satsingsprosjektet Kviteseid i Framtida, kor målet er å legge til rette for eit attraktiv og levande sentrum i Kviteseidbyen. Kviteseid i Framtida er vald ut som eit av prosjekta iFramtidens Bygder. Klimautfordringane er store og det er utvikla mange program som ser på korleis byane kan verta meir klimavennlege, men korleis bygder og småstader kan møte utfordringane er det sett lite på. Framtidens Bygder fokuserer på nettopp dette. Framtidens Bygder er eit samarbeid mellom Norske Arkitekters Landsforbund (NAL), ZERO og Tre Fokus. Programmet er finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Husbanken og Innovasjon Noreg. Framtidens bygder arbeider med kunnskapsutvikling og formidling av informasjon om korleis mindre stader kan utviklast på ein berekraftig og klimavennleg måte, samstundes som det vert meir attraktivt å bu der.

Arbeid

_Eit scenebygg oppført i Bryggeparken
_Ein serie på 10 kunstinstallasjonar i sentrum
_Ei utstilling i Pakkhuset på brygga

Deltakarar

David Fjågesund og Tim Larsen Kvingedal (Scene i Bryggeparken) _ Charlotte Rostad og Trygve Ohren (Gata som museum) _ Aleksander Oldrup Jensen og Andreas Utklev Førsund (Utstilling i Pakkhuset)

Scene i Bryggeparken 

Den nye scena i Kviteseid er ein lett trekonstruksjon med veggar som er trekt med 1,2 km kvitt taugverk! Det 12mm tjukke tauget er hekta på ei stålramme og festa med ein pålestikknute for kvar 30. meter. Taugveggen etablerer eit transparent bakteppe for scenen, og på den måten vert pakkhuset og brygga ein naturleg del av kulissene. Trekonstruksjonen sin dimensjon og detaljering har referansartil trestokkane som ligg langs bryggekanten og pakkhuset. Den nye utstillinga i pakkhuset ynskjer å ta i bruk døra ut mot parken som inngang til lokalet. Scenebygget søkjer å tydeleggjera dette ved å ta opp høgda i pakkhuset sitt takutstikk og etablere ein vegg som leiar ein inn mot inngangspartiet.

Gata som museum

3 okergule flaggrekkjer i Kviteseidgata og 10stk. monter i tre (35x35cm) med teikningar og treobjekt. Objekta og teikningane i montraneer laga med utgangspunkt i observasjonar, samtaler og forteljingar frå Kviteseid. Prosjektet ser på historia og indentiteten til Kviteseid frå ein utanforståande sitt perspektiv, der fyrsteinntrykk og tilfeldige møte spelar ei viktig rolle. Dei ti montrane er festa på veggane langs hovudgata og i nokre av bakgardane.

Utstilling i Pakkhuset

Utstillinga tek utgangspunkt i dagens situasjon og ynskjer å vise fram fleire idear og forslag til korleis Kviteseidbyen kan utviklast i tida som kjem. Gjennom denne utstillinga inviterer vi også deg til å ta del i denne debatten. Kva forbind du med Kviteseid? Kva meiner du hadde vore det beste for Kviteseidbyen? Korleis ser Kviteseidbyen ut om 20 år? Vi håpar du vil dele dine idear med oss, både her i pakkhuset og på det store verdsvevet. Ta eit postkort, vis oss kva du tenkjer.

 

 

 

Prosjektfakta:

Stad: Kviteseid sentrum
Oppdragsgjevar: 
Kviteseid kommune
Prosjektansvarleg: Kviteseid kommune v/Elisabeth Lid
Prosjektutviklarar: 
Feste Sør
Arkitektar: David Fjågesund, Tim Larsen Kvingedal, Andreas Førsund, Aleksander O. Jensen, Trygve Ohren
Kunstnarar: Charlotte Rostad  
Prosjektperiode:  Juni 2014
Samarbeidspartar: Kviteseid Kommune, Telemarks Fylkeskommune, Feste Landskapsarkitekter, Framtidens Bygder, Norske Arkitekters Landsforening, Zero, og TreFokus