Pålehytte / flytehytte

- Kompakte og moderne utleigehytter på vatnet

- Totalt 26kvm BRA: 1 x dobbeltsoverom, hems m/ 2-3 x soveplassar,
dobbel sovesofa i stove, kombinert stove/kjøkken, bad, gang, bod, takoverdekt
terrasse (22kvm)

- Heilårshytte som kan nyttast av alt frå 1-7 personar. 

- Moderne og ekspressivt formspråk som vekkjer interesse og stoppeffekt.

- Som eit flytande objekt kan hytta enkelt roterast til å tilpasse seg “tomta” sine optimale sol/utsiktsforhold. Arkitekturen vekslar mellom opne og meir lukka fasadar (opent mot utsikt og meir lukka mot land og eventuelle hytter rundt). 

- Nøktern og robust materialbruk, i form av naturleg gråna termofuru, gjer at bygget tilpassar seg landskapet rundt.  

- Fleksibel bruk: utleigehytte, sjølveigarhytte eller mogleg studentbustad

Flytande hytter – ei grøn tilnærming til hyttebygging

Den omfattande hytteutbygginga vi er vitne til rundt om i Noreg legg eit kontinuerleg press på natur og miljø. Store og ofte dårleg tilpassa terrenginngrep kan gje varige sår i landskapet. I tillegg kan byggeprosessen, der ein nyttar store anleggsmaskiner, resultere i uheldige utslepp for miljøet.

Prosjektet Flytande Hytter ynskjer å tenkje alternativt rundt dei nemnde utfordringane over. Ved å arbeide med flytande konstruksjonar på vatnet, vil ein unngå terrenginngrep i sårbar natur. Ein vil kunne gjennomføre ein effektiv og miljøvenleg byggeprosess ved å bygge hyttene ferdig på land, og deretter flytte dei ut på vatnet. 

I utvikling av hytter på vatnet må ein ta omsyn til korleis dei bygde konstruksjonane vil påverke landskapsrommet visuelt. Flytande Hytter legg opp til eit presist og enkelt formspråk, samt naturleg materialbruk som vil gjere at hyttene blendar godt inn i omgjevnadane. Hyttene, både tak og ytterkledning, er tenkt kledd med naturleg gråna termofuru. Termofuru er ein miljøvenleg og innovativ metode for impregnering der ein kokar trevirket, utan å tilsette giftige stoff. Lik materialbruk på tak og vegg vil gje hyttene eit heilskapleg og roleg uttrykk i det store landskapsrommet.

Gjennom plassering i vakker natur, nyskapande arkitektur og kortreist og miljøvenleg materialbruk er målet med prosjektet å skape entusiasme, stoppeffekt og auka turisme til Telemark. Pilotprosjektet vert etablert på Nisser Hyttegrend og Camping, men vi meiner konseptet har stor overføringsverdi til andre reiselivsinstitusjonar rundt om i fylket, og på sikt også nasjonalt.

Prototyphytta byggast i fyrste omgang på pålar på vatnet, og står ferdig til bruk sommaren 2017.

Publisering:

 

 

 

Prosjektfakta:

Stad: Nisservatnet
Oppdragsgjevar:
Smarte Hytter AS
Prosjektperiode: 2016-2017
Arkitekt: Feste Sør AS
Foto: Smarte Hytter AS og David Fjågesund