Dam bitdalen og venemo

Fyllingsdammane Bitdalen og Venemo i Vinje kommune er utbetra i høve til nye krav til sikkerhet. Feste Sør AS har vore inne for å sikre at desse nye inngrepa vert innpassa i ein heilskapleg landskapsplan for kvart av anlegga.

Dam Bitdalen ligg i eit grønt og klart avgrensa landskapsrom, nord for Rauland kyrkje, som markert sidedal til dei opne flatene på strekningen mellom Totak og Møsvatn. Den gamle dammen med graskledt front glei fint inn i og underordna seg det grøne landskapsrommet. Dei nye sikkerhetskrava frå NVE har ført til at dammen vart plastra med stein på nedstraums side. Dette gjer dammen meir eksponert. Bitdalsdammen hadde i utgangspunktet ei fin lineføring der han var spent tvers over dalen med ei tydeleg kurve. Denne hovudforma og lineføringa er vidareført i det nye anlegget. Dammen vil etter plastringa stå fram som eit klart byggverk i høve til omkringliggande terreng.

Steinuttaket er innpassa i det kollete terrenget. Eit skjermingsbelte av eksisterande terrengformer og vegetasjon er tatt vare på mellom uttaket og vegen. Tilkomst til brotet er lagt på ein slik måte at innsyn i uttaket frå vegen vert minst mogeleg.

Hovudprinsipp for landskapstilpassinga

Redusere inngrep i naturleg terreng mest mogeleg, la damkonstruksjonane stå fram som klart bygde element med presis overgang mot naturleg sideterreng, ta vare på terreng og vegetasjon så tett inn mot damfoten som råd, ta vare på naturlege skjermingsbelte, terrengforming og istandsetting etter prinsipp for naturleg revegetering, anleggsarbeidet skal skje innafor absolutte marksikringsgrenser.

 

 

 

Prosjektfakta:

Dam Bitdalen:
Stad: Vinje kommune, Rauland Oppdragsgjevar: Statkraft Prosjektperiode: 2005-2006Prosjektleiar: Jon Aarbakk, Statkraft
Landskapsarkitekt: 
Feste Sør
Oppfølging av naturleg revegetering: UMB v/Per Anker Pedersen og Astri Skrindo

Dam Venemo:
Stad: Vinje kommune, Edland  
Oppdragsgjevar: Statkraft        
Prosjektperiode: 2003-2004   
Prosjektleiar: Jon Aarbakk, Statkraft
Landskapsarkitekt: Feste Sør