Telemarkskanalen - forstudie

Telemarkskanalen er ein viktig, veletablert og tradisjonsrik attraksjon i regionen. Men i konkurransen med andre reisemål slit ein med å få opp besøket. Både dei som bur i området, turistar og reiselivsoperatørar treng å få fornya kunnskap om kva kanalen og kanallandskapet har å by på av opplevingar og forteljingar. Telemarkskanalen regionalpark arbeider med korleis kanalen kan bli betre synleg på ein måte som fører til at folk stoppar opp og på ny tek i bruk kanalen som den attraksjonen han er.

I denne forstudien vert det kartlagt korleis kunst, arkitektur og ljos kan brukast som verkemiddel inn i eit heilskapleg konsept, for å løfte fram attraksjonskrafta i landskapet og gjera stadane langs kanalen meir synlege. Det skal arbeidast med korleis stopp- effekt, fysisk og på nettet, og posisjonering i marknaden kan gjerast sterkare gjennom tiltak som ”veks fram av staden”. Denne metoden er forankra i Den europeiske landskapskonvensjonen og dannar grunnlag for den kunstnarlege plattforma prosjektet står på.

Strategi og kunstnarleg plattform for heilskap og konsept vert gjennomgått, saman med kart og illustrasjonar som syner døme på type tiltak eller verk i kvar kanalkommune. Det er lagt inn forslag til korleis det bør arbeidast ut frå ei kunstnarleg plattform, og kva internasjonale program eller prosjekt ein kan kople seg på. Forstudien foreslår også ein modell for organisering og ulike finansieringskjelder for dei ulike tiltaka. Prosjektet er delt inn i 6 delprosjekt, knytt til kvar av kommunane og med utgangspunkt i attraksjonsklyngene. Arbeidet bygger på landskapsanalysane som er laga i regi av regionalparken hausten2013/ våren2014, og samtaler med sentrale aktørar i alle dei 6 kommunane. Forstudien skal opp til politisk handsaming før arbeidet evt. vert tatt vidare i eit forprosjekt.

Den europeiske landskapskonvensjonen ligg til grunn for arbeidet. Han peikar på at landskapet spelar ei viktig rolle av allmenn interesse på det kulturelle, økologiske, miljømessige og sosiale planet. Landskapskonvensjonen legg særleg vekt på opplevinga folk har av ein stad eller eit landskap, - ikkje bare fysiske og visuelle omgjevnadar.

Koplinga mot Verdsarvkonvensjonen og fredinga av Bandakkanalen er viktige rammer.

 

 

 

 

Prosjektfakta:

Oppdragsgjevar: 
Telemarkskanalen regionalpark
Prosjektansvarleg:
Pål Kleffelgård
Prosjektutviklarar: 
Feste Grenland
Prosjektleiar: 
Gunn Marit Christenson
Landskapsarkitekt: 
Tone Telnes
Arkitekt: David Fjågesund
Prosjektperiode:  
15.06 - 01.12.2014
Samarbeidspartar: Kanal-kommunane Tokke, Kviteseid, Nome, Sauherad, Notodden, Skien