dam Songa - trolldalen

Dei store fyllingsdammane Songa og Trolldalen i Vinje kommune, er bygd som del av den store Tokkeutbygginga i perioden 1958-62. Begge dammane vart ombygd på byrjinga av 2000-talet, men måtte som fylgje av nye sikkerhetskrav på nytt rehabiliterast frå 2017.

Feste Landskap • Arkitektur har arbeidd med landskapsplanane for å ivareta innpassing av dei store landskapsinngrepa i dette sårbare fjell-landskapet i begge prosjektfasene. I første ombyggingsfase (1998-2003) arbeidde vi med utviding av dei gamle steinuttaka for å skaffe plastringsstein til sikring av damside oppstraums og bygging av ny damtå for begge dammane. Vi foreslo tiltak for å skjerme inngrepa mest mogeleg, såg på korleis ein ved terrengforming kunne gje betre overgangar og samanhengar, laga plan for revegetering som virkemiddel for å dempe inngrep og sår i landskapet, både gamle sår frå den opphavelege utbygginga og dei nye som nå vart lagt til. I den siste ombygginga (2016-2020) vart nedstraums damside Songa plastra. For å få tak i den mengda av stein som skulle til, måtte det opnast eit nytt steinbrot. Vi var med i arbeidet med å finne eigna plassering og laga beskrivelse, planar og terrengmodell for korleis inngrepet skulle innpassast, korleis massene skulle takast ut og korleis landskapet skulle formast og tilbakeførast til naturlandskap att.

Ein viktig del av prosjektarbeidet har vore samarbeidet med NMBU v/Per Anker Pedersen og Line Rosef i arbeidet med den naturlege revegeteringa. Ein prosess som dei siste 20 åra har fått meir merksemd og som nå er sjølvsagt i alle store byggeprosjekt. Statkraft og NMBU har vore leiande i å drive fram dette arbeidet. Vi i Feste har arbeidd etter desse prinsippa i store landskapsprosjekt heilt sidan vi starta som kontor.

 

 

 

Prosjektfakta:

Stad: Vinje kommune,
Edland Haukeli     
Oppdragsgjevar: Statkraft     
Prosjektperiode: 2000-2020  
Prosjektleiar: Jon Aarbakk, Statkraft
Landskapsarkitekt: 
Feste Sør
Entreprenør: Skanska