Urbanisering, fortetting og grønt bumiljø i kviteseid

Sentrumsutviklingsprosjektet Kviteseid i framtida, som vart starta i 2014 og skal avsluttast i 2017, hadde som mål å kartlegge, planleggje og setje i verk tiltak som forsterkar sentrum i forhold til bustadkvalitet, bumiljø, næring og sosiale strukturar. Parallelt har kommunen gjennom vedtak om mottak og integrering av flykningar ei viktig oppgåve som skal løysast, som passer godt med målet om å forsterke sentrum. Prosjektet Kviteseid i framtida ynskjer å bruke denne moglegheita til å utforske samspelet mellom integrering og arkitektur. Gjennom bærekraftige og innovative løysingar vil vi legge til rette for gode, sentrumsnære bumiljø som fremjar interaksjon mellom ulike kulturar og funksjonar. Med denne bakgrunnen vart underprosjektet Urbanisering, fortetting og grønt bumiljø i Kviteseid etablera. 

Urbanisering, fortetting og grønt bumiljø i Kviteseid er eit skisseprosjekt som tar for seg ei utvald tomt i nordenden av Kviteseidgata. Målet med prosjektet er å undersøkje om tomta er egna til eit innovativt bustadprosjekt i tråd med måla i Kviteseid i Framtida-prosjektet. Tomte- og volumstudie skal munne ut i eit konkret skisseutkast til nytt bustadbygg med tilhøyrande romprogram. 

Skisseprosjektet skal nyttast som verktøy for vidare kommunal prosess både mot kommande vedtak, men også som felles plattform for vidare diskusjon med potensielle samarbeidspartnarar. 

I 2016 fekk prosjektet tilskot frå Husbanken til å sette igang arbeidet. 

Trykk her for å lese TA sin artikkel om prosjektet 13.03.17.

Trykk her for å lese VTB sin artikkel om prosjektet 14.03.17

 

 

Prosjektfakta:

Stad: Kviteseid sentrum
Oppdragsgjevar:
Kviteseid kommune
Prosjektperiode: 2016
Arkitekt: Feste Grenland