| Previous Next |
|
Som del av prosjektet Seljord og sogene har vi gjennomført internasjonal workshop med 32 studentar frå Milano i Italia og 6 studentar frå Scenekunstakademiet i Fredrikstad. Dette er ein prosess der plassering, utforming og bygging er ein del av oppleving og læring. Bestillinga har vore tre arkitektoniske installasjonar og opplevingspunkt. Det er stadane i seg sjølv og prosessane i studentgruppene som har forma installasjonane. Group 1 - Viewpoint Grindekleiv Staden som er vald ut ligg mellom gardane Strand og Manheim, langs den gamle ferdslevegen. Grunneigar er Harald Flaten. Plassen har eit flott utsyn over Seljordsvatnet og er spektakulær i seg sjølv! Studentane har vald å la det opne berget ligge uforstyrra med sitt flotte utsyn og har trekt installasjonen sin bakover og inn i mellom trea. Det er bygd 6 "sitteboksar" eller små rom plassert i ein sirkel. Boksane har opning inn mot det indre sirkelen og skaper eit intimt rom der folk kan sitje i ly mot ver og vind og snakke saman frå kvar sin boks. Samstundes vil ein frå boksane ha utsyn i mellomromma mellom motståande boksar. Eit innramma utsyn mot Gagnås gjer at ein kan sitje i ein av boksane og sjå ut mot nuten, samstundes som ein får forteljinga om Gonil Dale fortalt gjennom høyretelefonar kopla til mobiltelefon t.d. Dette er ein av ideane som har lege i formidlingsdelen av prosjektet Seljord og sogene heile tida, og det ser ut til å fint la seg integrere i installasjonen her. Materialane som er nytta er tre. Boksane er fundamentert i fjell og festa med armeringsjern og stolpesko. Group 2 - Fishingpoint Telnesøyan Stad nummer to ligg ytst på Telnesøyan; halvøya som stikk ut i Seljordsvatnet ved Telnessanden camping på Garvikstrondi. Grunneigar er Sigmund Telnes. Dette er også ein svært vakker plass i seg sjølv. Ein er omgjeven av vatn på tre kantar og har vakkert utsyn oppover vatnet mot garden Nes og øyane Firingholmen, Tjuvholmen og Storøy. Svaberga går skrånande ut i vatnet og fjellformasjonar dannar ulike rom og bukter. Furuskogen ligg som bakvegg innover halvøya. På det ytste punktet her dannar fjellet ei skorte der to berg går i ulike nivå ut i vatnet. I denne skorta har studentane laga ein moderne "gapahuk". Det er tatt utgangspunkt i at dette kan vera eit fint punkt for fisking. Ein liten sitteplass i ly for regnet er passa inn mot ein bygd bakvegg og ei gruve for å grille fisken er plassert ute på svaberget. Taket over sitteplassen binder saman dei to svaberga og dannar også ei enkel bru. Materialane som er nytta i "gapahuken" er tre. Bålplassen er bygd i stein og betong. Innfesting i fjellet er gjort med stålboltar. Group 3 - Sauna Vebekkdalen Stad nummer tre er det punktet som ligg tilgjengeleg for alle frå veg og med bil. Dette er ei liti vik med strand i Vebekkdalen på Garvikstrondi. Ein av dei gamle vegsløyfene her ute dannar i dag ei avkøyring der Renovest sin container for hytteavfall står plassert. Grunneigar på staden er Borghild Telnes. Studentane under leiing av Sami Rintala har bygd ein utandørs røyksauna! Ein treplatting er plassert innimellom trea ned mot vatnet. I den eine delen av konstruksjonen er der laga eit magasin av steinar for fyring. Omkring dette vert det bygd veggar som eit lite rom med sittebenkar omkring. Dette rommet kan stengast av og låsast om ein ynskjer det. Resten av plattingen er open og blir ein stad folk kan gå ut på, sitje ned og sjå utover vatnet. Frå parkeringsplassen vert det bygd ei gangbru som også gjev rullestolbrukarar tilgang til plattingen. Heile konstruksjonen er løfta opp frå terreng for gå klar av normale flaumar. Tilgangen til vatnet vert løyst med sittetrinn på 50 cm ned til vatnet. Materialane som er nytta i saunaen er tre. Gruva er bygd i stein frå strondi og betong. Sjå artikkel i TA |
Prosjektfakta: Stad: Bygging ved Seljordsvatnet Oppdragsgjevar: Seljord kommune Faglege leiarar: Sami Rintala og Dagur Eggertson Tilrettelegging og koordinering: Springer Kulturstudio og Feste landskapsarkitektar Base for innandørs arbeid, mat og sosialt samvær: Kunstlåven, Seljord Kunstforening Studentar frå: NABA, Milano og Scenekunstakademiet i Fredrikstad Tidspunkt: 25.09-04.10 2009
Dag Jenssen sine bilde mai 2010 Into the Landscape webside |