Nordøst Kapp Grenland
Feste
Previous Next
Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde

Ingrid Slettens veg

Opprustinga av Ingrid Slettens veg er første del av dei fysiske tiltaka knytt til stadutviklingsprosjektet Seljord og sogene. Vegen har fått ei andletsløfting med steinsett Tussejuvbekk, tosidige natursteinsmurar med sedumplantingar og trerekker som markerar vegen inn til Seljord sentrum. Opprustinga er eit spleiselag mellom Seljord kommune, Telemark fylkeskommune og dei næringsdrivande i bygdi.

Namnet på vegen er knytt til Bjørnstjerne Bjørnson sitt dikt om Ingrid Sletten frå Sillejord. Utgangspunktet for teksten er Bjørnsons besøk i bygdi, der han vart så fasinert av ei vakker tenestejente på gjestgiveriet der han overnatta. Om jenta hadde namnet Ingrid Sletten er litt usikkert, men songen er for alltid knytt til Seljord. Fredag 26.06. opna vegen under Seljorddagane 2009. Framføringa av songen Ingrid Sletten ved Vidar Ytre-Arne, Håkon Åse og Solbjørg Mo, var eit vakkert og naturleg innslag her.

Prosjektfakta:                                           Stad: Seljord sentrum                               Oppdragsgjevar: Seljord kommune Prosjektansvarleg: Seljord kommune v/Harriet Slaaen Prosjektutviklarar: Feste Grenland AS og Springer Kulturstudio AS   Prosjektperiode:  2007-2008                      Byggefase: høst 2008-vår 2009                  Byggeleiar: Olav Kaasa     Landskapsarkitekt: Feste Grenland AS Entreprenør: Haugo og Draugedal AS   

Prosjektarkiv

Utskriftsvenlig versjon
Varsel om planarbeid »

Feste Grenland as tlf 35 93 02 10
Feste NordØst as tlf 62 48 03 55 Feste Kapp as tlf 61 16 83 00

Designet av M8 Design. Utviklet av Tag Studio AS