
Fredag 26.06.2009 var det opning av nyanlegget langs Ingrid Slettens veg i Seljord. Dette var første milepæl i den fysiske opprustinga knytt til prosjektet Seljord og sogene. Opninga var ein del av Seljordsdagane 2009.
Musikalsk happening midt i vegen!
Vidar Ytre-Arne sto for det musikalske programmet. Han fortel at han bevisst har teke i bruk vegen som scene. Og ynskte å fylle han med noko anna enn det han er laga til. Kulturinnslaga skjedde midt i vegen.
Programmet inneheldt både humor og poesi og ordføraren opna vegen offisielt. Programmet var lokalt forankra og har involvert ungdommen i bygda. Dei som bidrog var vokalgruppa Les Six, Solbjørg Mo på song, Håkon Aase på fele og Amit Schaeffer og Oda Guleng frå dramagruppa i kulturskulen. Det heile under god og kunstnarleg leiing av Vidar.