| Previous Next |
|
Dei store fyllingsdammane Songa og Trolldalen i Vinje kommune skulle gjennomgåast i høve til sikkerhet og tilstand. Forsterking av damsider og etablering av ny damtå vart lagt inn. Feste Grenland AS har vore inne for å sikre at desse nye inngrepa vert innpassa i ein heilhetsplan for landskapet. Arbeidet med landskapsplanen vart starta opp hausten 2000. Planar for sikring av dammane var då utarbeidd og volum og mengder var berekna. Vår jobb var å sjå på innpassing av nye steinuttak/utviding av gamle, foreslå tiltak for å skjerme inngrepa mest mogeleg, sjå på korleis ein ved terrengforming kunne gje betre overgangar og samanhengar, bruke revegetering som virkemiddel for å dempe inngrep og sår i landskapet. |
Prosjektfakta Stad: Vinje kommune, Edland Haukeli Oppdragsgjevar: Statkraft Prosjektperiode: 2000 Prosjektleiar: Jon Aarbakk, Statkraft Landskapsarkitekt: Feste Grenland AS Entreprenør: Skanska
|