| Previous Next |
|
Telemarkskanalen ligg som eit 10 mil langt riss gjennom Telemark; frå kyst til fjellheim. Anlegget er frå 1890-åra, bygd som damskipskanal midt i beste jernbanealderen. Kanalen vart i 1999 valt til Telemark fylke sin 2000-årsstad. Anlegget står fram som særmerkt i internasjonal samanheng samstundes som det representerar lokale verdiar for Telemark. Det representerar ulike epokar innan arkitektur og design og er eit medvete møte mellom det bygde og omkringliggjande landskap. Anlegga knytt til kanalen er viktige som turiststader og ikkje minst som rekreasjonsområde for dei som bur i området. Kanalen er eit døme på eit vellukka møte mellom det menneskeskapte og naturen. Her kan vi lære noko om kor flott det møtet kan vera. Kanalen innordnar seg naturen samstundes som han formar omgjevnadane. "Vise verda vassvegen" er eit prosjekt i regi av Telemark fylkeskommune v/Øystein Dalland. Prosjektperiode 1997-1999. Prosjektet syner på ein fin måte korleis Telemark sin industrihistorie er knytt til vassvegen og gjev ei klar forståing av viktige samanhangar i landskap, stadar og industrihistorie i Telemark. Arbeidet var todelt: - Arbeid med vurdering og dokumentasjon av landskap og kulturminne i form av enkle analysekart, planskisser, illustrasjonar av stadkarakter og landskap. - Arbeid med planråd og illustrasjonar knytt til boka; "I lys av vatnet", i samarbeid med siv.ark. Olav Skjeldal og geograf Øystein Dalland.
|
Prosjektfakta Knytt mot Telemarkskanalen har Feste AS vore inne i høve til tilrettelegging, opparbeiding, bevaring og dokumentasjon av landskap og kulturhistoriske element. Arbeidet har vore dela inn i mange mindre prosjekt og har gått over mange år; - frå tidleg på 1990-talet fram til 2003. Dei fleste prosjekta har vore i regi av Kanalkoordinatoren i Telemark fylkeskommune, men det har også vore arbeidd med tilgrensande prosjekt knytt mot kanal-kommunar, fylkesmannens landsbruksavdeling, fylkeskommunen med "Vise verda vassvegen" m.fl. Arbeidet med estetiske retningsliner for Telemarkskanalen er gjennomført i samarbeid med industridesigner Eva Widenoja i Widenoja Design AS. |