| Previous Next |
|
"Seljord og sogene" er eit heilskapleg bygdeutviklingsprosjekt der fysisk tilrettelegging og kunst, kultur og opplevingar vert bruka aktivt inn som strategisk virkemiddel i stadutviklinga. Prosjektet vert bygd opp med ei rekkje delprosjekt. Delprosjekta har konkrete tiltak som skal sjåast i samanheng med kvarandre. Prosess, tverrfagleg samarbeid og felles løft frå lag og organisasjonar med langsiktig tenking, er metoden for å nå målet. Seljord og øvre Telemark har ein rik og levande forteljartradisjon. Den immaterielle kulturarven er ein viktig del av landskapsopplevinga i området. Delprosjektet "Vatnet og Sjøormen" er eit attraksjonsprosjekt som skal formidle sogene knytt til vatnet; - både om Sjøormen, kulturhistoriske spor og andre fenomen. Vi skal leggje til rette for ei heilskapleg oppleving av natur, segner, historie og kunst. Virkemidla som skal brukast er kunst, arkitektur, lydopptak og webside. Utkikkspunkt, lyttestasjonar og kunstverk skal plasserast ut rundt vatnet. Prosjekt under Seljord og sogene: Workshop - "Into the landscape" Into the Landscape - Tårnet på Bjørgeøyan
Linkar til andre presentasjonar av prosjektet og pressedekning: Varden : Opnar Sjøormtårnet og Eit Tårn til ormen Lokale helter - NAL Telemark med jackpot i kulturmidler - TA Tettstadprisen til Seljord! - presentert i Varden Tilskot frå KRD - presentert i TA Tilskot frå KRD - presentert i VTB Seljord og sogene presentert på NLA sine heimesider Seljord og sogene presentert på Stedsutvikling.no Utkikkstårnet presentert i designboom "Into the landscape" Opning av Saunaen Med internasjonale øyne på Seljord - TA Evaluering frå Distriktsenteret TA - Med Sjøormen som bygdeutviklar
|
Prosjektfakta Stad: Seljord sentrum og Seljordsvatnet Oppdragsgjevar: Seljord kommune Prosjektansvarleg: Seljord kommune v/Harriet Slaaen sjå eiga heimeside: www.seljordogsogene.no Into the Landscape webside |