| Previous Next |
|
”Into The Landscape” Seljord og øvre Telemark har ein rik og levande forteljartradisjon. På utvalde stader rundt vatnet ynskjer vi å formidle sogene Seljord-landskapet inneheld på nye og spennande måtar. Ved bruk av Sogemobilen og på bygde kunstinstallasjonar skal folk få innsyn i fleire lag av Seljord-landskapet. Forteljingane om Sjøormen er tatt vare på gjennom muntleg tradisjon frå 1750 og fram til i dag og er bare delvis nedskrivne. Det at folk står fram med fullt namn og oppgjev stad og tid for observasjonen, gjer forteljingane truverdige. Kulturlandskapet på Bjørgeøyan ligg som del av det gamle elvelandskapet mellom E134 og Seljordsvatnet. Området høyrer til garden Nordigard Bjørge, der Leiv og Solrun Bjørge driv aktivt jordbruk med telemarkskyr og gardsturisme. På naboeigedomen ligg Seljord camping med badestrand (Bjørgesanden) og utleigehytter. Tårnet ligg plassert heilt ut mot vatnet på Bjørgeøyan. Du kjem dit ved å fylgje trebrygga som gjeng frå båthuset og ut til dei to store furutrea. Frå Tårnet har du utsikt til våtmarksområdet med rikt fugleliv og ut over Seljordsvatnet, som ligg der med djupe løyndomar under den blanke vassflata. Ved utforminga av Tårnet har dei to store furutrea vore forankringspunktet i landskapet. For å avslutte vandringa gjennom kulturlandskapet, er det laga ei plattform på tvers av tilkomstretninga, som ei fysisk grense mellom land og vatn, men også som ei psykisk grense mellom det kjende ein kjem frå og det ukjende ein møter der ute under den blanke vassflata. Installasjonen er sett saman av plattforma mellom furutrea, eit lite rom for informasjon og kvile og Tårnet som du kan gå opp i for å sjå inn i landskapet. Tårnet er konstruert i limtre med fundament av tre og betong. Fasaden er kledd med skråstilt ståande spaltepanel, for å sleppe inn ljos i det høge rommet, og for å gje små glimt og sanseinntrykk frå naturen omkring på veg opp i Tårnet. Kunstprosjektet Into The Landscape inneheld 4 kunstinstallasjonar som er plasserte rundt Seljordsvatnet. Tre av desse er bygd under ein internasjonal workshop hausten 2009, der kunst- og arkitekturstudentar frå 10 nasjonar deltok, med sauna i Vebekkdalen, fiskeplass på Telnesøyan og utsiktspunkt på Grindekleiv. Tårnet er utforma av Rintala Eggertsson Arkitektar og vart bygd her på Bjørgeøyan hausten 2011. Gangbrygga er utforma av Feste landskapsarkitektar.
Artiklar/bloggar: http://www.wantoday.com/21for21_winners12/index2.html http://www.wallpaper.com/architecture/seljord-watchtower-by-rintala-eggertsson,-norway/5527
|
Prosjektfakta: Stad: Bjørgeøyan ved Seljordsvatnet Prosjektaigar: Seljord kommune Grunneigarar: Leiv og Solrun Bjørge Prosjektutviklarar: Springer Kulturstudio og Feste Grenland Formgjevarar/arkitekt: Rintala Eggertsson Arkitektar Landskapsarkitekt:Feste Grenland Tekniske rådgjevarar: Sweco, avd. Seljord Entreprenør: Skorve Elektro: Dyrud
Into the Landscape webside Prosjektpresentasjon Seljord og sogene |