| Previous Next |
|
Åtte skulpturelle ”kikkeskåp” i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til utvalde segner om lokale kvinneskikkelsar. Felles for dei alle er at feleslåttar er knytt til segnene. Via Sogemobilen kan du høyre soge og slått ute i landskapet. Åtte biletkunstnarar har gjeve sine tolkingar av desse segnene: Gonil Dale, Guro Lomodden, Kivlemøyane, Guro Heddeli, Tårån i tróppin, Glima i Rupedalar, Ljose-Signe i Bindingsnuten, Skuldalsbruri . Du finn 1 kikkeskåp i Åmotsdal, 3 i Flatdal og 4 i Seljord. Dei åtte kunstnarane er: Ellen Grøstad Barstad, Trygve Barstad, Ingrid Lene Langedok, Knut Hølje Odden, Kristine Brodersen, Gunnar Torvund, Torhild Grøstad og Philipp Dommen. Dette er eit delprosjekt i stadutviklingsprosjektet Seljord og sogene Sjå også heimesida til prosjektet her Into the Landscape webside Om idéen og prosessen bak Klikk her Morgonkåseri i P2 ved Dag Aanderaa |
Prosjektfakta: Prosjekteigar: Seljord kommune Utforming, produksjon og gjennomføring: Philipp Dommen og Torhild Grøstad Idé og konsept: Torhild Grøstad, Tone og Sigurd Telnes og Gunn Marit Christenson Graving: Torbjørn Aarbakk Musikarar: Sara Fjågesund, Torunn Raftevoll Rue og gruppa Glima Sogeformidling: Jon Svartdal og David Fjågesund Lydopptak: Eivind Aase Sogemobilen: Mikkel Aanderaa Skilting: M8Design Takk til velviljuge grunneigarar! |