| Previous Next |
Fredag 10.12 hadde vi julebord på Hoel gård på Nes og heildagsfeiring av Jan frå Toten via Lillehammer til Hoel. For hans store, iherdige og lange innsats i Feste AS! TAKK!
Vi meiner det er viktig å innimellom stoppe opp, sjå seg tilbake, samle folk som har betydd noko for kontoret og oss som firma og gje kvarandre gode opplevingar. Dette gjorde vi fredag 10.12. Vi gjorde ei reise sammen med Jan, gjennom dei landskapa og mange av stadane der han har betydd noko og gjort ein innsats. Vi er veldig glade for det arbeidet han har gjort. Vi meiner han har betydd ein forskjell innan faget landskapsarkitektur og vi er stolte av at vi arbeider i eit så bra firma med så flotte og dyktige folk!
Vi er også svært glade for alle gjestene som kom og gjorde denne dagen og kvelden så bra!