| Previous Next |
Endeleg var Saunaen i Vebekkdalen klar til opning! Han er ein av tre kunstinstallasjonar som vart bygd rundt vatnet hausten 2009 som del av verket: "Into the landscape". Kvar av stadane har fått sin funksjon og her vart det altså ein sauna med vakkert utsyn over vatnet.
Og dette fungerte som bare det! Heit, vakker og forfriskande landskapsoppleving. Både fylkeskommunen, kommunen, arkitektar, prosjektutviklarar og presse var til stades under opninga. Vi håpar dette skal bli ein sosial møteplass i vakre rammer for både seljordingar og tilreisande. Feste er stolte av å vera ein av dei sentrale utviklarane av dette prosjektet!
Stadutviklingsprosjektet "Seljord og sogene"
Kunstinstallasjonen "Into The Landscape"