| Previous Next |
|
Første del av skiltinga i prosjektet "Seljord og sogene" vart sett opp i juni 2010. Skilta fortel litt om historien på staden der det står. I år er det sett opp skilt ved Dyrskuplassen, ved Stoppestaden (Shell og Sjøormkroa), ved Vallarhaugen og på Standaren på Brøløs. Her har det og kome opp 5 historiske foto med motiv frå gamle Brøløs. Foto er lånt ut av Torje Lindstøl. Til neste år kjem det opp skilt på nokre fleire stader langs turvegen. Det er også sett opp skilt ved dei tre installasjonane i "Into The Landscape" rundt Seljordsvatnet.
|
Prosjektfakta: Plassering og innhald: Feste landskapsarkitektar og Springer Kulturstudio Utforming og produksjon: M8design Montering og graving: Seljord Personal |