Nordøst Kapp Grenland
Feste
Previous Next
Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde Prosjekt bilde

Skilting Seljord og sogene

Første del av skiltinga i prosjektet "Seljord og sogene" vart sett opp i juni 2010. Skilta fortel litt om historien på staden der det står.

I år er det sett opp skilt ved Dyrskuplassen, ved Stoppestaden (Shell og Sjøormkroa), ved Vallarhaugen og på Standaren på Brøløs. Her har det og kome opp 5 historiske foto med motiv frå gamle Brøløs. Foto er lånt ut av Torje Lindstøl. Til neste år kjem det opp skilt på nokre fleire stader langs turvegen. Det er også sett opp skilt ved dei tre installasjonane i "Into The Landscape" rundt Seljordsvatnet.


Som del av skiltinga ynskjer vi også å formidle nokre av sogene som er knytt til staden. Rundt vatnet vert sjøormforteljingar formidla. Du kan høyre desse sogene på mobilen din. Ved å ringe mobilnummer 48 32 31 51 kan du mellom andre høyre soga om Sterke-Nils, Guro Heddeli og Hølje-Gonge, om landskap og tradisjon på Dyrskuplassen, om Skåne Bringsås som bygde kyrkja, høyre Kjetil Østtveiten fortelje om eigne opplevingar på Dyrskun og Sigurd Telnes m.fl. som fortel om Brøløs.

 

 

 

Prosjektfakta:

Plassering og innhald:  Feste landskapsarkitektar og Springer Kulturstudio                                          Utforming og produksjon:  M8design   Montering og graving:  Seljord Personal

 

Utskriftsvenlig versjon
Varsel om planarbeid »

Feste Grenland as tlf 35 93 02 10
Feste NordØst as tlf 62 48 03 55 Feste Kapp as tlf 61 16 83 00

Designet av M8 Design. Utviklet av Tag Studio AS